FLOW AT FLO
EKTE
NATURLEG
LOKALT
Flow at Flo vart skapt ut frå ein enkel idè:
å gje menneske mulegheiten til å finne sin eigen flyt.
Flow at Flo er ein invitasjon. Ein invitasjon til å puste djupare, leve saktare og kjenne på kva ekte natur kan med oss. Ein stad der augeblikka fell på plass, og der livet finn sin eigen rytme igjen.
Flow at Flo handlar om meir enn ein stad- det handlar om ei oppleving.
Vi tilbyr ei samansett oppleving:
overnatting, badstue ved vannkanten, aktivitetar, lokale smakar og unike augeblikk som berre Flo kan gje.
VI TILBYR
Flo Lake House ligg idyllisk til ved vatnet, omgitt av majestetiske fjell og brearmar.
Her kan du nyte stillheit, utsikt og naturens lydar. Bading, fiske, turar og to inkluderte SUP- brett gir minnerike opplevingar rett utanfor døra.
Eit perfekt val for deg som ønskjer det enkle, ekte og uforstyrrande, med turmulegheiter i storslått natur
Sauna ved vatnet, omgitt av storslått fjellnatur. Her kan du nyte varmen i rolege omgivnader, med utsikt over det smaragdgrøne vatnet. Kombiner sauna med eit forfriskande bad i vatnet for ei ekte og minneverdig naturoppleving.
Vi tilbyr smakfulle matkorger fylt med lokale råvarer frå produsentar i området. Her får du oppleve ekte lokale smakar, basert på sesong og tradisjon. Ein enkel og stemningsfull måte å nyte det beste regionen har å by på
Leig robåt eller SUP- brett og opplev Oppstrynsvatnet. Her kan du gli stille over det smaradgrøne vatnet, omgitt av fjell og ro.
Ein perfekt måte å kombinere naturoppleving, aktivitet og avslapping på.
Vi vidareformidlar og gir gjerne anbefalingar på aktivitetar i området. Opplev flotte fjellturar, spektakulære bilturar og kjente serverdigheiter. Her finn du varierte opplevingar som gur deg det beste av natur og landskap i området
Gallery Flo
Padling på Oppstrynsvatnet
Flo- bygda
Kyrkjebåten
Fruktblomstring
Deilige økologiske epler
Sauna i vannkanten i strålande haustsol
Flofjellet
Fruktblomstring
