Lokale smakar

Velkomen til ekte, lokal matoppleving i hjarte av Stryn.

Vi ønskjer at gjestane våre skal få meir enn berre ein stad å sove- dei skal få smaken av fjell, fjord og tradisjon. Difor samarbeidar vi med lokale gardar, bakarar og småprodusentar, og tilbyr vi handplukka matkorger og matopplevingar laga av lokale råvarer og produsentar her i Nordfjord og omkringliggande bygder. Det gir ferske råvarer, høg kvalitet og ekte lokale smakar- samtidig som vi støttar lokalsamfunnet.

snacks

Matkorgene våre er inspirerte av årstidene og fylte med det beste sesongen har å by på. Innhaldet av ferske frukter, bær og grønsaker varierer gjennom året ut frå når dei er i sesong. Slik får du ei smakfull oppleving som speglar både naturen rundt oss og tida på året du besøker oss. Kvar korg er nøye sett saman for å gje deg noko ekstra- enten du startar dagen roleg, tek med deg god mat ut på tur, eller nyt ei velfortent pause etter saunaen.

Matkorger med lokale råvarer

Alle våre matkorger kan tilpassast etter dine ønskjer og behov, men vi har også nokre faste standardkorger. Du kan velje mellom:

frukost kurv

Fjellkorga

Perfekt til frukost, før fjelltur eller til ein sein kveld ved vatnet. 

Korga inneheld brød, syltetøy, spekepølse, honning, biscotti, eplemost og kaffe. Frukt, bær eller grønsaker i sesong

Pris 

Piknik i det fri

De kan enkelt ta med matkorga ut på piknik i dei vakre omgjevnadane rundt staden. Finn ein stille plett i landskapet, brett ut eit teppe og nyt god mat med storslått utsikt og naturen tett på. Anten det er til frukost i mjukt morgonlys eller ein sein kveld i roleg stemning, gir matkorga ei minerik oppleving ute i det fri. 


piknik 6
sauna


Saunakorg

Eit utval av snacks og drikke som passar perfekt etter ei varm stund i saunaen

Ta gjerne kontakt for tilpassing eller spørsmål kring innhald. Matkorgene må bestillast på førehand via telefon eller epost. 

+4795801398
kontakt@flowatflo.no
frukost
grønnsaker