På 530 moh på Flofjellet ligg eit tradisjonelt seinsele, enkelt og autentisk- slik fjellet sjølv er meint å vere. Her der det ikkje innlagt vatn eller straum, og hytta har utedo like i nærleiken. Det er heller ikkje mobildekning i hytta, noko som gir ei sjeldan moglegheit til å koble heilt av og vere fullt til stades i naturen.
Steinselet byr på ei ekte og jordnær fjelloppleving, der kveldar blir opplyste av elevande lys, og morgonar startar med frisk fjellluft og vid utsikt. Her handlar det om det enkle, det rolege og det tidlause
Flofjellet- fjell, stillheit og turglede
Flofjellet er ideelt for deg som søkjer ro, natur og ekte fjellopplevingar- langt frå folkemengder og støy
Flofjellet byr på variert og vakkert turterreng, med moglegheiter for både korte rusleturar og lengre fjellturar. Landskapet opnar seg med utsikt mot fjord, vatn, fjell og bre- eit område rikt på kontrastar og naturopplevingar
Flofjellet er eit ideell base for deg som likar fjellturar med store naturoppelvingar. Her ligg alt til rette for både luftige toppar og historiske vandringar i storslått landskap. Frå hytta har du mogleheit til å gå til markante fjelltoppar som Marsåhyrna, Stolshyrna og Rindalshyrna. Turane byr på spektaklulær utsikt mot smaragdgrøne vatn, brear og fjell i alle retnigngar. Fleire av toppane i området når opp mot 1800 meters høgde, og gir ei ekte høgfjellsoppleving for den turvande- mektig, luftig og minneverdig.
For ei heilt anna, men like stemingsfull oppleving, kan du følge den gamle ferdselsåra mellom Stryn og Hellesylt som går over Flofjellet. Denne historiske stien slyngjer seg gjennom dramatisk terreng og fortel historia om ferdsel, handle og reiser i ei tid då fjellet var hovudvegen mellom bygdene.
Enten du vel høge fjelltoppar eller historiske stiar, byr Flofjellet på turar som kombinerer rå natur, stilleheit og utsikt i verdsklasse- opplevingar som sit att lenge etter at turen er over.
Praktisk informasjon:
For å kome seg opp til hytta må ein parkere på Flo og gå opp. Fjellhytta ligg utan bilveg heilt fram. Gjestar må parkere på Flo, og herifrå følge ein grusveg vidare opp til hytta. Denne må ein gå til fots eller på ski ved snøføre. Turen opp til hytta er på om lag 400 høgdemeter. Det er ikkje mogleg for gjestar å køyre fram til hytta.
Hytta har 4 sengeplassar, og sengane er ferdig reidde ved ankomst. Det er ved til oppvarming, og gass koketopp til enkel matlaging. Hytta har enkel standard. Her kan du senke skuldrane, nyte stillheita og oppleve fjellet på nært hald- perfekt for deg som ønskjer ei enkel, men koseleg hytteoppleving tett på naturen.
Booking
Vi tar i mot booking for minimum to netter. Pris per natt 1700 NOK
Gallery