Aktivitetar

Midt mellom fjord og fjell ligg Flo, ei lita perle ved breidda av Oppstrynsvatnet, berre nokre minutter frå Stryn. Her finn du stillheita mange leitar etter- men med eventyra rett utanfor døra.

På denne sida har vi samla våre beste tips for opplevingar og minnerike dagar for deg som besøkjer området

Eit paradis for fjellturar

Område byr på eit rikt utval av fjellturar for alle nivå- frå lette turar i kulturlandskapet til luftige toppturar med utsikt over brear, fjordar og dalføre. Nærleiken til Jostedalsbreen gjer Stryn til eit eldorado for dei som vil oppleve ekte, rå vestlandsnatur.

Våre anbefalingar til familievennlege fjellturar som ikkje stiller høge krav til fysisk form eller avansert utstyr, og med merka stiar; 

Om ein ønskjer meir krevjande fjellturar kan vi anbefale Marsåhyrna og Skåla. Ver obs på at turen til Marsåhyrna ikkje er merka og krevst difor god kunnskap om kartlesing. 

Via Ferrata Loen byr på ei luftig og spektakulær klatreoppleving høgt over fjorden. Her går du sikra i fjellsida med stålwire og jerntrinn- ei perfekt blanding av spenning, meistring og fantastisk utsikt. Passar for deg som vil kjenne suget i magen og oppleve naturen frå eit heilt nytt perspektiv. 

For info og booking:

IMG_6431

Attraksjonar og severdigheiter 

Flo er eit perfekt utgangspunkt fir uforgløymelege oppelvingar. Med kort veg til fjord, bre og fjell byr området på store naturoppelvingar.

Ein kort køyretur frå Flo tek deg til Loen Skylift, ei av dei brattaste taubanene i verda. På få minutt vert du frakta frå fjorden og heilt opp til Hoven, 1011 meter over havet. Her ventar ei fantastisk utsikt iver Nordfjord, majestetiske fjell og eit nettverk av turstiar for både korte rusleturar og lengre fjellturar. 

Vi kan abslutt påstå at restauranten på Hoven har Noregs finaste utsikt! 

For dei som ønskjer å kome tett på is og dramatisk brelandskap, er Briksdalsbreen eit naturleg val. Brearmen, som strekkjer seg ned frå Jostedalsbreen, er lett tilgjengeleg og gir ei mektig oppleving av naturkreftene- med fossefall, frodig vegetasjon og isblå brefront. 

Flo er òg eit godt utgangspunkt for dagstur til verdsarvbygda Geiranger. Her kan du oppleve den verdskjente fjorden, bratte fjellsider og ikoniske fossar som Dei sju systrene. Eit fjordtur med båt kan anbefalast, samt ein tur til utkikkspunkt som Dalsnibba og Ørnesvingen gjev minner for livet. Køyr gjerne over gamle Strynefjellsvegen- "Vegen er i seg sjølv ein attraksjon og vitnemål om eit meisterverk innan ingeniørkunst frå ei svunnen tid". 

Les meir her: 

Ønskjer du ei roleg, men spektakulær naturoppelving, kan du bli med på båttur til Kjenndalsbreen. Turen går gjennom vakre Lovatnet, omgitt av stupbratte fjell og grønt kulturlandskap, før breen openberrar seg inst i dalen- ei stille og storslått oppleving som passar for alle.