Vilkår for leige av båt og SUP- brett

Ved å fullføre bookinga av leige av båt og/ eller SUP- brett brefter du at du har lest og akseptert viklåra for leige

  • All bruk er på eige ansvar
  • Leige av utstyr krev at ein ikkje er påverka av alkohol eller rusmidler
  • For å leige SUP- brett må alle brukarar vere svømmedyktige. Det anbefalast å padle nært land dersom ein ikkje har erfaring med SUP- brett frå tidlegare. 
  • Ved leige av båt må alle ombord ha på seg redningsvest til ei kvar tid
  • Du er sjølv ansvarleg for å sjekke værmelding, og ikkje legge ut på lengre tur dersom vær og vindforhald kan medføre risiko
  • Utstyr skal leverast tilbake i same stand og til avtalt tid
  • Du er erstatningspliktig for eventuelle skadar på utstyret, og leigetakar aksepterer å betale eventuelle skadar eller tap som måtte oppstå på leigd utstyr
  • Utstyr som ikkje blir levert tilbake blir sett på som tyveri og blir anmeldt
  • Utleigar står ikkje ansvarleg ved skade på personar eller eigedom
  • Utleigar gjer leigetakar oppmerksam på at det ikkje er teikna personskade, ulykkesforsikring eller liknande forsikring som omfattar leigeforhaldet. Reise og fritidsforsikring må den enkelte leigetakar sjølv sørge for dersom leigetakar sjølv anser det som naudsynt
  • Utleigar kan ikkje haldast juridisk eller økonomisk ansvarleg for eventuell skade på personar og/ eller eigedom som blir påført av eller ved hjelp av båt og/eller utstyr