Om oss/ Kontakt

IMG_0865

Vi er Reidun og Martin, og saman driv vi Flow at Flo- ein liten, personleg oppelvingsaktør med djupe røter i natur, tradisjon og kvardagsliv her på Flo.

Heimen vår er Bendiktbruket, der vi bur saman med dei fem borna våre. Her driv vi òg økologisk epleproduksjon. 

For oss handlar Flow at Flo om å skape rom for ro, nærvær og ekte opplevingar- midt i storslått vestlandsnatur. 

Reidun er utdanna intensivsjukepleiar, med eit sterkt blikk for omsorg, tryggleik og menneske. Martin jobbar offshore med NDT, der presisjon, ansvar og kvalitet er ein naturleg del av kvardagen. Samla tek vi med oss desse verdiane inn i alt vi gjer- frå små detaljar til heilskaplege opplevingar.

Gjennom Flow at Flo ønskjer vi å tilby både lokale og turistar unike, ekte og minnerike opplevingar- vi vil dele det beste av staden vi kallar heime.

Hos oss er ingenting masseprodusert. Alt er nært, ekte og gjort med hjarta. 

Velkomen til Flow at Flo- der naturen set tempoet, og augeblinken får vare

+4795801398
Flovegen 957 6783 Stryn