Velkomen til Flo Lake House. Ei sjeldan perle ved bredda av Oppstrynsvatnet.
Her våknar du til stillheita- kun avbrutt av roleg elvesus og bølgeskvulp. Flo Lake House ligg heit nede ved det smaragdgrøne vatnet, omgitt av majestetiske fjell og snødekte brearmar frå Jostedalsbreen som dannar ei spektakulær ramme rundt opphaldet.
Huset ligg på eit idyllisk småbruk der det blir dyrka økologiske eple, plommer og pærer. Om hausten kan gjestane fritt forsyne seg av saftige plommer rett frå hagen, medan eple og pærer kan kjøpast etter ønskje. Vår og haust kan det vere beitande sauer i nærområdet, noko som gir ei ekte og roleg landleg stemning.
Bustaden er oppført i 1912 og har bevart mykje av den orginale sjarmen, samstundes som delar av huset er modernisert. Huset har 8 sengeplassar. Her ligg alt til rette for eit komfortabelt og minnerikt opphald i landlege omgjevnader.
Flo Lake House tilbyr særprega og stemningsfulle oppelvingar for deg som ønskjer å kome tett på naturen- i ditt eige tempo, med Oppstrynsvatnet og fjella som næraste nabo. Frå huset kan du gå rett ned til vatnet for eit forfriskande bad, prøve fiskelykka eller berre nyte utsikta. På Flo finn du eit bredt utval av turmulegheiter- frå lette spaserturar til krevjande fjellturar. Vi tilbyr utleige av vedfyrt sauna, robåt og pedalbåt, og for gjester som bur hos oss er to SUP- brett inkludert. Enten du vil gli stille over vatnet, ta eit forfriskande bad etter saunaen eller berre nyte roen frå vannkanten, ligg alt til rette for minneverdige dagar ved vatnet og oppleve naturen frå første rad. For ei ekstra gjennomført oppleving kan du òg bestille våre matkorger med drikke, mat og snacks-perfekt å nyte i løp av opphaldet, med majestetisk utsikt mot fjell og bre.
Flo Lake House er den perfekte basen for turar og aktivitetar i området. Her har du kort veg til fjell, vatn og varierte turmolegheiter- med ro og komfort som utgangspunkt. Med Flo Lake House som utgangspunkt har du perfekte forhold for flotte bilturar og spennande serverdigheiter i området. Opplev ikoniske attraksjonar som Hoven Loen og Briksdalsbreen, omgitt av dramatisk vestlandsnatur. Her ligg store naturopplevingar og minnerike stopp lett tilgjengeleg- rett utanfor døra.
I tillegg til Flo Lake House tilbyr vi utleige av leilegheit i Stryn sentrum, der du bur du sentralt og komfortabelt, men framleis har mogleheit til å nytte fasilitetane på Flo- sauna, SUP og robåt. Ei perfekt løysing for deg som ønskjer kombinasjonen av sentrum, natur og unike opplevingar ved vatnet.
Flo Lake House og leiligheita i Stryn sentrum kan bookast via Airbnb og Booking.com.
Gallery flo lake house