Dette er staden for deg som ønskjer ei ekte, enkel og naturnær saunaoppelving
-med fjell, bre og vatn som næraste nabo
Velkomen til vår vedfyrte sauna, vakkert plassert heilt nede ved breidda av Oppstrynsvatnet. Her får du ei majestetisk utsikt mot fjell og bre, der naturen spelar hovudrolla året rundt. Omkransa av stille og ro er dette ein stad for ekte avkopling- perfekt for å senke skuldrane og nyte augeblikket.
Saunaen har plass til opptil 7 personar og blir varna opp med ved, noko som gir ein lun, autentisk og behageleg varme. Etter ei god og varm økt i saunaen kan du ta eit forfriskande bad i vatnet, berre nokre steg frå saunaen- ei oppleving som verkeleg set sansane i sving, året rundt.
For ei enda meir komplett oppleving kan du leige båt eller SUP- brett før eller etter sauna, og det er òg mogleg å bestille ei enkel matkorg med drikke og snacks som kan nytast i løpet av opplevinga eller etter saunaen.
Praktisk informasjon
- Vi anbefaler å ta med eiga drikkeflaske
- Handduk må takast med. Kan leigast ved behov
- Parkering ved Flovegen 957, derifrå går ein ned til saunaen
- Det er ikkje dusj eller toalett på området
PRISAR
3 personar 600,-
4 personar 800,-
5 personar 1000,-
6 presonar 1200,-
7 personar 1400,-
Gallery sauna